Å designe handlar om å planleggje, eksperimentere og arbeide seg fram til eit ferdig resultat. Design er ein prosess med mange fasar. I boka blir dei forskjellige fasane gjennomgåtte og ulike tema blir belyste: komposisjon, kreativitet, persepsjon, estetikk, visuelle verkemiddel, kommunikasjon m.m. Boka kan nyttast på fleire programområde i design og handverk i vidaregåande skule.