Denne boka er skriven for studentar på teknisk fagskole og dekkjer det meste av læreplanen for understell.
På understellet til moderne køyretøy er det mange og ulike komponentar som høyrer til kvar sine system. Komponentane er feste til karosseriet eller chassiset og har som felles oppgåve å gi køyretøyet gode og sikre køyreeigenskapar.
Det blir stadig stilt høgare krav til dekk, felgar, hjuloppheng, fjøring, styring og bremser fordi krava til komfort, køyreeigenskapar og tryggleik heile tida aukar. For å møte utfordringane har bilfabrikantane teke i bruk ny teknologi på fleire område. Det kjem stadig betre materiale, og oppbygginga av komponentane endrar seg heile tida.
Elektronisk styring får fram funksjonar som tidlegare var utenkjelege. Mellom anna er eigenskapane til styring, fjøring og bremsing betre tilpassa køyresituasjonen. Og vi kan få dei til å endre karakter om vi ønskjer det, til dømes når vi kjem i ein kritisk situasjon. Feilsøkinga skjer ved hjelp av datasystem. Desse systema kan registrere feil, men feila kjem kanskje ikkje fram når bilen er på verkstaden. Ved hjelp av spesielle diagnosestasjonar kan verkstaden likevel lese av historikken til dei elektronisk styrte systema og rette feil direkte slik at kunden blir nøgd.
For dei mekanikarane som skal ta seg av service, reparasjonar og kanskje påbyggingsarbeid, blir det stadig viktigare å tileigne seg spesialkompetanse om dei køyretøya dei skal arbeide med.
Jamvel til mindre arbeid er det nødvendig å vite korleis vi skal gå fram på rett måte, og vegen til aktuelle og rette metodar er noko av det første vi må lære oss.
Nye bilar og chassis blir meir avhengige av spisskompetanse, også om understellet til køyretøya, og det er det berre merkeverkstadene som kan skaffe seg.
Det blir mange spennande utfordringar for deg som satsar på ei teknisk utdanning i bilfaga, og samtidig blir gleda av å lukkast stor når krava til kompetansen aukar.